Booking: Jan Sollesnes - jan@hihat.no - +47 56 90 19 19

 

Sjur er klassisk pianist og seriøs komikar frå Voss. Heilt frå dei ytterste skjær til kongens slott har han kome med sine særeigne tankar frå pianokrakken. Han har studert ved Griegakademiet i Bergen og Ecole Normale de Musique de Paris, han har spelt det meste mellom Deep Purple og Fartein Valen og han har vore kapellmester, skodespelar og komikar i alt frå revy til samtidsteater. Frå 2003 til 2010 spelte han med Nordic Tenors, og i 2006 vann dei komiprisen ilag.

På Den Nationale Scene i 2011 var han kapellmester og skodespelar på norgespremieren av teaterstykket «Før soloppgang» av Gerhart Hauptmann.
Heilt aleina ved pianoet fekk han sitt heilt eige show som hadde premiere på Logen Teater i 2012, der han endeleg fekk ta for seg livet, døden, kjærleiken og musikken på sin eigen måte.
Under Festspillene i Bergen i 2013 spelte han den unge Mozart på urframføringa av framsyninga «Wolfgaaang!»
Våren 2014 laga han show saman med ein sambygding, den makalause Linda Eide. Dette showet vart spelt utover året rundt om i landet, og det vert sett opp igjen i 2015.

Sjur er for tida kapellmeister på «Eides språksjov» på NRK1

For mer info og bilder : HiHat Management